Rundtur om Glitterdalen 13 km

For det lengste alternativet rundt Ranglarhø tek du Furusjøvegen frå butikken. Ovanfor vegbommen ligg Nyhussetra. Etter 2 km kjem du til

Pungsetrene.     Setra til Nedre-Dahle først, ved sidan av ligg

Veggumssetra. Her har du ein blåmerkt snarveg til Ranglartjønn på 2 km.

Vil du gå heile runda, tek du den raudmerkte skiløypetrasêen i svingen etter Veggumssetra. Stigen går ovanfor Koltjønn til Glitterosen der den møter stigen frå Rondablikk og Luseby. Den svartfarga myrbotn forklarer namnet Koltjønn. Glitra derimot har namnet sitt fordi ho glitrar og blenkjer så fint. I Glitra har dei største fiskane på Mysuseter vore teki. Her likte også den ljose og fagre Glitterdalshuldra seg godt.

Den mest kjende Rørosvegen gjekk langs Frya og Furusjøen, opp Glitterdalen og vidare til Rondvatnet. Hestane vart leidde over Rondhalsen mens kornet vart rodde til nordenden av vatnet.

Glitterdalen er favorittløypa vinterstid. I Tverrhaugen, populært kalla Appelsinsvingen, sit folk og solar seg som i eit fuglefjell. Granmeisen har vorte så tam at den går rett på nistepakka. Sommarstid er det stille her.

Tek du blåmerkt stig til venstre opp bjørkelia frå Tverrhaugen, kjem du inn på grusvegen frå Ranglartjønn til Tjønnbakken. Følg denne attende.

Alternativt kan du følge raudmerkt stig vidare opp-over Glitterdalen og inn til Rondvassbu.