Rondvassbu, raudmerkt, 11 km ein veg.

Frå butikken følger du Rondvassbu-vegen opp Tjønnbakken. Tjønnbakken er bakken opp til Søla og Indretjønn på toppen der flatfjellet tek til.

Nede til venstre ligg idylliske Bergetjønn..

Siste veka i september tok selverane innover flatfjellet mot Rondvassbu på måsåtaking. Sist i november på første snøen starta måsålynninga. Da vart måsåsåtene ihopkjørt inna Spranget, sidan var det å kjøre måsån frampå setra. På skikkeleg sledeføre vart han så frakta til bygds.

Dette arbeidet tok slutt på 50-talet.

Ved grensa til nasjonalparken må du setja att bilen. Norges første nasjonalpark, Rondane, vart oppretta i 1962 med fjelloppsynsmann Normann Heitkøtter som drivkraft.

Peer Gynt sa som så:
”Jeg har et Slot
det ligger i Ronden
det er muret godt”

Auka ferdsel viser at også Rondane kan ta skade. Hald deg til stigane, slit ikkje ned moselaget og forstyrr ikkje dyrelivet. Har du sykkel er det fint å sykle inn til Rondvassbu. Det leies også ut sykler på Spanget og ved butikken på Mysusæter,

Skal du gå, kan det vera eit godt alternativ å ta stigen på nordsida av Ula. Gå over brua på Spranget. Spranget har namnet sitt av di ein her kunne hoppa over Ula der ho skjær seg ned i fjellet nedanfor Sprangbrua. Etter at berghammaren raste ut er ikkje dette å anbefale.

Inna Sprangbrua kan ein langs elva sjå dei attfylde skiferbrota der ein tidlegare braut den kvite Sprangskiferen. Denne kan du framleis sjå på enkelte tak på Mysusæter. Inna skiferbrotet ligg ei utgrave menneskjegrav frå den eldgamle fangstkulturen.

Framma Krokutbekken kjem du til Rondheim. Rondheim vart bygd i 1898. Ho var jakthytta til den siste som livnærte seg av jakt i Rondane – Imbert Nedre-Havn. Ved Krokutbekken ligg  jakthytta Krokutbekkhytta inngrove i bakken.

Følger du Krokutbekken oppover kjem du inn på T-stig til Rondvassbu.

Ved nedstigninga til Rondvassbu går du langs Jutulhogget. Dette er ein canyon utgrave av ei breelv.

Rondvatnet, det lange smale vatnet, ligg der som ei rånd eller stripe og har gjeve namn til Rondane. Det skal være bra med fisk i vannet.