1 Peer-Gynt hytta (inkl. vesleulfossen), raudmerkt,  9,5 km ein veg.

Raudmerkt T-stig frå Mysuseter langs bilvegen forbi Mysuseter Fjellstue. NB: så snart du kjem til elva, må du forlate bilvegen og kryssa elva over Ulbrua. Fortsett langs Ula på nordsida.

Kåsen på nordsida av stigen har namnet sitt frå det gamle verbet for å kaste saman. Fjellet ser ut som ein samankasta haug eller dunge, fint utsiktspunkt er det iallfall. Følg grønmerkt stig for å ta ein avstikkar til topps. Like ved stigen ligg forkastningsgrotta Kåshollet.

Grotta er lett framkomeleg det første stykket, men vær forsiktig.

Vesleulfossen – høgaste fossen i Rondane!

Ved dei innste hyttene, ca 3,5 km frå Mysuseter tek du blåmerkt stig mot Vesleulfossen. Etter 1 km står du framfor den imponerande Vesleulfossen. Frå ei skoro i berget kastar han seg ut i lause lufta. Går du ned til botn av fossen treng du ikkje dusje meir den dagen.

Området ned mot Vesleulfossen heiter Djupdalen. På haustleite før i tida henta dei her all veden til ystinga neste sommar. Her veks det grovt tømmer til å vera så høgt til fjells.

Ljosaamyrene langs stigen mot Peer Gynt er gode moltemyrer. Peer Gynt hytta ber namnet sitt med rette. Her vart P. Chr. Asbjørnsen i 1842 fortalt historia om Peer Gynt i ”Reensdyrjagt ved Ronderne”. Dette var grunnlaget for Ibsens verdskjente Peer Gynt 20 år seinare. Like bak gamle Peer Gynt hytta ligg Imbertglupen, ein istidscanyon. Mange er redde for å gå over brua. Den nye Peer Gynt hytta vart bygd i 1932 for å møta den aukande turiststrømmen i fjellet.

 

Er du sprek kan du leggja attendeturen langs T-stigen om Rondvassbu. På

1347 meters høgde kan du ta ein rast ved Ljosåbua. Dette er ei av Lord Garvaghs jaktbuer bygd på 1860-talet.